Sommarjobb som astronaut

Synast du det er vanskeleg å aktivisere bornet ditt i sommar? Meld opp bornet ditt som astronaut og la det ta del i speltestinga og ferdigstillinga av matematikkspelet «Numetry»! Som astronautar får born moglegheita til å løyse spennande utfordringar saman med resten av mannskapet om bord på romskipet «Magellan» samtidig som at dei lærer seg meir om spelutvikling.

Ein litt annleis sommarferie

Ti år gamle Jakob er ein av de første som har fått sommarjobb som astronaut i Numetry, og dermed har han allereie testa ut det splitter nye spelet. Jakob er i utgangspunktet glad i matte, men han fortel likevel at han synast det er meir motiverande å lære matte ved å spele Numetry enn ved å løyse dei vanlege matteoppgåvene som han får på skulen.

«Numetry er eit veldig kjekt spel. Det kjekkast er at det er i verdsrommet, det er òg historier i spelet og ikke kunne matte», fortel Jakob.

Jakob har saman med fleire andre frå klassen sin treft spelutviklarane som jobbar med Numetry fleire gangar for å teste spillet. Under møta får barna anledning til å kome med tilbakemeldingar både når det gjelder design, historia og spelet generelt. Jakob kan fortel at tilbakemeldingane deira har vorte teken på alvor.

Mor: – har skapt større engasjement

Jakobs mor, Aina, har òg positive erfaringar med det nye mattespelet. Ho opplever at Numetry har skapt større engasjement hjå sonen enn det ho har sett frå nokon andre læringsspel tidlegare.

«Eg trur at det engasjementet spelet skapar, førar til at borna ikkje ser på dette som «læring», men at dei ser på det som ei positiv utfordring i staden», seier ho.

Born er ei viktig kjelde for innovasjon i Numetry. Borna vert involverte i alle fasane under utviklinga av spelet ettersom at det er dei spelet er retta mot, noko som bidreg til at den heilheitlege opplevinga av spelet vert så bra som mogleg. Denne oppskrifta har gitt resultat. Aina vil på det varmaste anbefale spelet vidare til andre foreldre som har barn mellom 9–12. Det seier Jakob seg einig i.

«Eg anbefala det veldig mykje vidare! Det er meir motiverande å spele Numetry enn dei andre mattespela eg har prøvd, og eg er veldig fornøgd, avsluttar Jakob.

Klar for avreise

HER kan du melde opp bornet ditt som speltestar i sommar. Øktene køyrast på Microsoft Teams kvar tysdag og torsdag kl. 10.00–11.00 fram til skulestart, og de bestemmer sjølve kor ofte de kan eller vil delta. Barn som har vore med minst fem gongar får i tillegg tilsendt ein stilig attest etter perioden.

Som speltestar for bornet ditt òg moglegheita til å eit VIP-møte med youtubaren «Randulle» under matematikkspelet Numetrys lanseringsfest i Grieghallen 3. september. Påmelding til dette arrangementet finn de HER. Deltaking er sjølvsagt heilt gratis.

Early Bird-pakka til Numetry er òg tilgjengeleg. Ved å melde din unge astronaut til teneste frå hausten av HER får du 40 % avslag på årsabonnementet av Numetry for inntil to born.

TODAY'S PICK

STAY CONNECTED

nn_NO
en_US nb_NO es_ES pt_BR nn_NO