få siste nytt frå det ytre rom

det nye og oppslukande lærespelet for born

Numetry er utvikla for born i alderen 9 til 12 år – uavhengig av kva for matematikkferdigheiter dei har frå før. Dei vert no ein del av mannskapet som skal redde ein forsvunnen romfartsekspedisjon. Lekser, pugging og uendelege økter med nasa djupt ned i kladdeboka bytast ut med astronautdrakter og spenning i eit pedagogisk speleventyr.

Numetry er eit trygt lærespel der borna vil kjempe mot den interstellare krigsherren Aganak, møte Zusit-romvesena, utforske ukjende planetar og løyse oppgåver for å finne dei forsvunne astronautane til
Envoy-ekspedisjonen.

For å fullføre kvart oppdrag på vegen treng dei matteferdigheiter som dei tileignar seg gjennom ei interaktiv lærespeloppleving. Historia er utvikla av ein erfaren historieforteljar som har sørga for at det spennande universet kjem til live etter kvart som borna jobbar seg gjennom oppdraga.

Foreldre elsker det òg

Houston, vi har ei løysing! Det er ikkje berre borna som liker eventyret i verdsrommet, foreldra som er igjen på Jorda engasjerast òg. Spelet er enkelt å bruke og treng ikkje å installerast eller settast opp. 

I kulissane bak spelet finn vi lærarar, spelutviklarar og erfarne historieforteljarar, som tilfeldigvis òg er foreldre. Numetry er designa for å gje born ei mestringskjensle gjennom interessante oppdrag som gradvis vert vanskelegare, men med grundig opplæring undervegs. Medan du er oppteken med ditt, vil dei unge håpefulle trygt utforske eit nyskapande spel der dei både vert underhaldt og lærer seg matematikk utan eingang å vere klare over det. 

 

 

slik fungerer det

Numetry er tilgjengeleg med fleire forskjellige abonnement. Enten du vil prøve gratisversjonen, eller registrere deg for éin-, seks- eller tolvmånadarsplanen for å nyte full tilgang til solsystemet Matema, zusittane og ikkje minst den elleville Dr. Svein. Numetry kan garantere å stå til forventningane!

siste nytt
frå det
ytre rom

Lær meir om oss og matematikkspelet Numetry

kvifor prøve numetry

Ingen hokus-pokus
Ingen kompliserte oppsett. Det er berre å logge inn og borna kan på eigenhand trygt spele og lære utan at du treng å gå inn og hjelpe dei. 

Læring og moro til nye høgder
Gløym dei gamle pedagogiske spela med elendig grafikk og tynne historier. Med Numetry får dei unge astronautane ei rik speloppleving og eit oppslukande eventyr dei vil elske. 

Ein galakse fullt av spennande oppdrag
Det spelar ingen rolle kva for ferdigheiter barnet ditt har før ekspedisjonen startar. I spelet er det forskjellige nivå, tale for tekst og matematiske tips og triks som gjer at dei alltid vil føle seg engasjerte og motiverte til å fortsette læringa. 

Hald deg i loopen 
Dersom du vil følgje med på framgangen deira, kan du enkelt gjere dette via Foreldrepanelet der du kan spore matematikklæringa deira i sanntid og sjå korleis dei utviklar ferdigheitene sine vidare.

early bird-tilbud frå

nok 49/mnd

  • Full tilgang til alle oppdrag, skins og utstyr
  • Moglegheita for å tilpasse figuren din
  • Legg til og spel mot vener
  • Stadig nytt innhald og premiar
  • Motta bonus-innhald og utstyr
  • Tilgang til Foreldrepanelet

reisa til matema er støtta av desse jordboarane

FÅ SISTE NYTT FRÅ DET YTRE ROM

siste sakar

pt_BRPortuguês do Brasil
nn_NONorsk nynorsk en_USEnglish nb_NONorsk bokmål es_ESEspañol pt_BRPortuguês do Brasil