FAQ – OFTE STILTE SPØRSMÅL

Dersom bornet ikkje får feilmelding når det legg inn ein e-post inne i «Numetry», er dette fordi det har forsøkt å bruke same e-post som du som forelder nytta då du registrerte ein konto til ditt barn. Du må altså bruke ein annan e-post for å kome vidare. Tanken bak dette var at born som gløymer passordet sitt ikkje treng å måtte finne mor eller far for å tilbakestille passordet, men kan gjere dette sjølve. Vi ser derimot at vi må gjere dette litt tydelegare, og arbeider no med å utbetre dette. Foreventa ferdigstilling: 10. september 2020.

Alle dialogar kjem med tale til tekst, noko som gjer at det skal vere enkelt for alle born – uavhengig av leseferdigheiter – å henge med.

Sjansen er derfor stor for at nettlesaren din ikkje er oppdatert, og at de ikkje får spelt av talen. Vi anbefalar at du nyttar Google Chrome og passar på at du brukar nyaste versjon.

Det kan og leggast til at vi arbeidar med moglegheita for å kunne gå tilbake for både lese og høyre delar eller heile dialogen på ny. Forventa ferdigstilling oktober 2020.

Ja! Borna kan velge om dei ønskjer teksten i spelet på nynorsk eller bokmål. Det er i tillegg tale til tekst.

Ja, ein trykker på «?»-teiknet oppe til høgre. Basert på tilbakemeldingar frå brukarar kjem vi til å vidareutvikle og forbetre denne.

Ja, dette er ein funksjon vi arbeider med. Fram til den er på plass lyt ein derimot kjøpe separate kontoar.

«Numetry»s skuleversjon er enda ikkje lansert. Når denne blir det, vil ein og finne måtar å kunne fortsette framdriften ein har hatt heime, der.

Nei, foreløbig kan ein ikkje det. På sikt vil ein kunne legge til vener og konkurrere mot dei. Derimot vil ikkje chat-funksjonar vere mogleg; ein kan berre sende kvarandre emojis. Dette for å vere sikker på at «Numetry» aldri blir nytta av vaksne tredjepartar med uærlege hensikter.

«Numetry» køyrast rett frå nettlesar. Det vil seie at det førebels kan køyrast på PC, Mac og Chromebook. Nettbrett-versjon vil tidlegast kome våren 2021, og ein eventuell lansering tidlegst hausten 2021.

«Numetry» vil ha eit uendeleg antal mini-spel for borna å bryne seg på. Spelet er bygd opp av ulike kapitel, som tek form som ein planet, eit romskip eller ein asteroide. Inne i desse finn ein mini-spel, som igjen testar borna i ulike matematiske ferdigheiter. Per 5. september 2020 er éitt kapitel ope i «Numetry» – Romskipet «Envoy». Her finn barna mini-spela: Access Shaft (tal og siffer); Juice Booth (siffers verdi); Converter Bot (brøk, prosent og desimal); Cross Connector (likningar); Cold Reactor (negative tal). Neste kapitel kjem medio oktober 2020.

Kvart mini-spel i «Numetry» kjem i tre kategoriar: Historie-modus, Challenge-modus I og Challenge-modus II. Desse går frå enkel til vanskeleg. For å kome vidare i «Numetry» må ein minst løyse Historie-modus, men for å vinne alt utstyr og få full score må ein ta Challenge-modusa. Vi brukar data for å bestemme det riktige nivået på desse tre kategoriane. Til dette treng vi store mengdar brukardata. Fram til dette nyttar vi våre pedagogars årelange ekspertise for å sette vanskelegheitsgraden.

«Numetry» er tilgjengeleg med fleire forskjellige abonnement. Enten du vil prøve gratisversjonen, eller registrere deg for éin-, seks- eller tolvmånadarsplanen for å nyte full tilgang til solsystemet Matema, zusittane og ikkje minst den elleville Dr. Svein. «Numetry» garanterar å stå til forventningane!

«Numetry» er berekna for barn i alderen 9–12 år.

Ta kontakt på vår Facebook-side eller send oss ein e-post på [email protected], så svarar vi deg innan to timar.

Pass på at du brukar Google Chrome, og at du har siste versjon av denne. Sjekk gjerne at du har lyd på maskinga òg.

Dersom dette ikkje løyste problemet, send oss eit skjermbilde av det og lim det inn i ein e-post til [email protected] eller på vår Facebook-side. Forklar kort stega du tok før problemet oppstod.

Vi anbefalar Google Chrome.

Har du alt Chrome? Pass på at du har siste versjon:

https://support.google.com/chrome/answer/95414?co=GENIE.Platform%3DDesktop&hl=no

Det går ikkje. Spelet vil vere ein uendeleg samleg med mini-spel og oppdrag. Fiksjonen og forteljinga vil spinne vidare.

Erfarne matematikklærarar og dytkige spelprogrammerarar. Teamet tel i skrivande stund 14 medlemmar frå Noreg, USA, Brazil og Chile. Hovudkontoret er ved Media City Bergen.

Nei, det må ein ikkje. Vi arbeider òg med ei løysing som gjer at alle skal kunne ha andre barn på venelista, slik at ingen føler seg utafor.

Vi arbeider med ei løysing som gjer det mogleg å kople Foreldrepanelet med enkelte mini-spel i «Numetry». Forventa implementering: februar 2021.

Load More

nb_NO
nn_NO en_US es_ES pt_BR nb_NO